Det er enkelt å støype sitt eige golv, særleg med ferdigarmert betong. Det sparar pengar og tid fordi armeringa er ein del av betongen, og du slepp å armere med jern og nett.

Kor mykje betong skal eg bestille?

Berekn voluminnhaldet av forskalinga (lengd x breidd x høgd) og legg på ca 5 prosent i tryggleiksmargin. Skal du t.d. støype eit golv som er 6 meter langt, 5 meter breitt og 12 cm tjukt vert dette 6m x 5m x 0,12m = 3,6 m+ ca 5% (ca 0,18 m3) = 3,8 m3. Tryggleiksmarginen du bør bruke varierar etter forholda, det kan hende det er litt ujamnt planert, isolasjonen kan bli klemt litt ned i ujamnt underlag, eller at du ikkje får drege av betongoverflata heilt i kant med forskalinga rundt. Om du i dømet ovanfor støyper 1 cm tjukkare enn planlagt utgjer dette 300 liter (0,3m3).
Minsteleveransen frå BLANDERIET A/S er 500 liter (0,5 m3).

 

Underlaget

Det øvste underlaget skal vere ein drenerande masse som pukk eller grus. Tjukkleik og type varierar med underlaget og belastninga. Rådfør deg med fagfolk.

Rørleidninger og kablar som skal inn i huset, må leggast i drensmassa før du støyper. Underlaget må komprimerast. Bruk maskin (kan leigast), eller fukt med spredar og stamp med føtene. Der det er fare for telehiv, må du isolere direkte på drensmassa og 100 cm på utsida. Der det ikkje er drenerande grunn, skal det være drenshull under såla.

 

Forskaling

Det vanligaste er å støype ringmur før du støyper golv. Ringmuren omkransar golvet og tek av for lastane frå bærekonstruksjonen. Ringmuren kan forskalast med tradisjonell bordforskaling, plater, elementforskaling eller ulike isolerte og uisolerte kassettforskalingar som stablast opp for hand. Ulike forskalingssystem er å få leigd. Hugs regelmessig avstiving av sidene og sterke samanføyningar i hjørna. Sørg for at forskalinga er tett under og i skøytene. Forskaling av sugande material bør vatnast på førehand. Forskalingsplater bør smørjast med formolje og avsvabrast. Isolasjon og vatnbåren varme er lagt før støyping med fiberbetong. Tradisjonell armering er ikkje naudsynt. Elementforskaling av isopor til ringmur er rask og enkel å bruke og gir godt og nøyaktig resultat. Forskaling av sugande material bør vatnast på førehand. Sørg for at forskalinga er tett under og i alle skøyter.

Når betongen er i forskalinga, skal han bearbeidast så du unngår sår og steinreir.

 

Såla

Tjukkleiken på såla er avhengig av belastninga og grunnforholda. Rådfør deg med fagfolk.

 

Fiberbetong

Med FIBERBETONG støyper du rett på varmekablane utan å leggje ut armering. FIBERBETONG  er ein spesialbetong til golv på grunn.

 

Utstøyping

Fuktsperre (plast) og isolasjon

Når du har støypt ringmur, legg du ut og komprimerer pukklaget. På pukken legg du isolasjon etter forskriftene. Så fylgjer fuktsperre av 0,20 mm plast. Det er viktig at plasten blir bretta opp langs ringmuren og over toppen av han. Dette hindrar at fukt treng inn frå underlaget og opp i betongen. Plasten verkar også som glidesjikt for betongen slik at han ikkje festar seg til ringmuren.

Der det skal vere vatnbåren varme i golvet, løner det seg å legge fuktsperra under det øvste laget av isolasjon – først 150 mm isolasjon, så 0,20 mm plast og til slutt 50 mm isolasjon. Då kan røyra festast i skinner som krampast fast i isolasjonen utan at det punkterar fuktsperra.

Der det er vatnbåren varme, ligg fuktsperra under det øvste laget av isolasjon. Då punkterar du ikkje fuktsperra når du festar skinnene som held røyra på plass.

 

Riktig høgd med laservater

For å få golvet i riktig høgd er det best å bruke eit roterande laservater. Du stillar inn prismet på den høgda du skal ha og kontrollerar fortløpande etter kvart som du legg ut FIBERBETONGEN. Laservateret viser også om du har riktig fall mot sluk. Minimum dekktjukkleik er 10 cm.

 

Dissing

Dissing er å stryke av den nyutlagde betongen, slik du ser på bilda nedanfor. Der vert det brukt ein dissestav til arbeidet.
Dissing er ein svært viktig prosess, for den pressar stålfibrane ned under betongoverflata. Om dei blir stikkande opp, blir det vanskeleg å skure og glatte golvet når det har størkna. Dissinga må bli utført umiddelbart etter utlegginga, gjerne feltvis, slik at du slepp å venta til heile golvet er lagt.

NB: Når du støyper, har du berre eitt forsøk på å få til eit vellykka resultat. Vurdér om du skal engasjere fagfolk. Det vil som oftast lønna seg.

Slik dissar du nyutlagd betong med ein dissestav.

Resultat før og etter dissing.

 

Pussing

Når betongen byrjar å størkne, kan du pusse han med brett eller pussemaskin, eit såkalla helikopter, som er å få leigd. Riktig tidspunkt er når pussebrettet ikkje sug seg fast, eller når du kan bevege deg forsiktig på betongen med pussemaskin utan å sette for djupe spor. Kor lenge du må vente etter utstøypinga, avheng av veret, betongtemperatur, om det er tilsett forsinkar osb.

Om du pussar for hand, løner det seg å stå på ei isoporplate. Puss først med brett av kunststoff eller tre, såkalt skuring. Etter ca ein time pussar du ein gong til med stålbrett. Det gir ei glatt og fin overflate.
Når brettet ikkje sug seg fast, kan du skure betongen med tre- eller kunsstoffbrett. Etter ca éin time pussar du med stålbrett.
Når du skurar med maskin, ventar du til betongen ber så mykje at det ikkje blir djupe spor. Pussemaskiner, såkalla helikopter, kan leigast hos utleigefirma. Om du leiger ei pussemaskin fylgjer det med ulike skiver til skuring og glatting.

 

Rive forskaling

Ved temperaturar over 10°C kan forskalinga fjernast etter cirka eitt døgn. Ved lavare temperatur og nedkjøling på grunn av vind treng betongen lengre tid før han får tilstrekkelegg styrkje. Er du i tvil, kontakt oss.

 

Vatning og tildekking

Medan du støyper skal du bruke minst mogleg vatn. Etterpå skal du sløse…. God vatning og tildekking av betongen er viktig for å få eit bra resultat.

Tørr luft, varm luft og vind fører kvar for seg til stor avdamping av betongoverflata. God etterbehandling er viktig for at betongen skal få minst mogleg svinnsprekker og få herda skikkeleg, for så å bli så sterk som han skal.

Betong skal ikkje tørke for fort. Synlege betongflater tildekkast med plast etter at betongflata er ferdig pussa, eller så snart plasten ikkje klebar til betongen. Legg du på plasten for tidleg kan du få stygge sår i overflata.

Om det er sterk sol eller vind kan du vatne litt forsiktig ein times tid etter pussinga. Ver svært forsiktig og bruk ein lett dusjstråle så du ikkje vaskar ut overflatehinna.

Hold betongen fuktig under plasten i minimum ei veke.

På varme vår- og sommardagar tilrår vi membranherdnar som dusjast over golvet så snart det er ferdig pussa, eller med det same det er skurt om det ikkje skal behandlast meir. Tørr, varm luft og vind førar elles til stor avdamping.

OBS: Om golvet skal overflatebehandlast med epoxy, måling eller liknande, må du bruke ein membranherdnar som er tilpassa overflatebehandlinga.

Om det er fare for frost, må du dekkje betongen med varmeisolerende matter (vintermatter) under tørkinga.
Betongen blir sterkare når han størknar sakte. Difor skal han vatnast og dekkjast til. Men ikkje dekk til for tidleg, det kan skade overlata.

 

Overflatebehandling

Riktig betongkvalitet og utstøyping gir eit ferdig produkt som varer i år etter år utan vedlikehold. Betongen tålar vær og vind, varme og kulde utan nokon form for vern.

Golv som skal målast, påførast belegg eller flisleggast, blir lettare å jobbe med når du etterbehandlar med sementbasert sparkelmasse. Spør i faghandelen om kva type som passar for ditt golv.