Støyping av vegg

Betongveggar er brannsikre, dei isolerer godt, dei dempar lyd og er enkle å vedlikeholde. Støyping av vegg er ikkje så vanskeleg som du kanskje trur, særleg ikkje med SKB sjølvkomprimerande betong. Då slepp du vibrering og oppnår betre kvalitet.

Kor mykje betong skal eg bestille?

Berekn voluminnhaldet av forskalinga (leingd × breidd × høgd) og legg på ca 5 prosent i tryggleiksmargin. Om du t.d. skal støype ein vegg som er 8 meter lang, 20 cm brei og 2 meter høg blir dette 8m x 0,2m x 2m = 3,2 m3 + ca 5% (ca 0,16 m3) = 3,4 m3. Tryggleiksmarginen du bør bruke varierar etter forholda. Hugs at hvis forskalinga “gir seg” 1 cm i breidda utgjer det i dette dømet 160 liter betong. I tillegg kan det hende at du sølar litt. Minsteleveransen frå BLANDERIET A/S er 500 liter (0,5 m3).

 

Forskaling

Støyping av vegg stillar krav til stabil forskaling som tålar vekta av betongen utan å sige. Det finst profesjonell kassettforskaling til leige, og det har kome isolert eingongsforskaling på markedet.

Forskaling av sugande material må vatnast godt på førehand. Bland aldri vatn i betongen på byggeplassen. Det reduserar kvaliteten betrakteleg. Forskaling smurt med forskalingsolje treng ikkje vatnast.

 

Kva type betong skal eg velgje?

BLANDERIET A/S anbefalar sjølvkomprimerande betong til støyping av vegg. SKB flyt ut av seg sjølv utan vibrering og fyll godt ut, også rundt utsparingar og i trange passasjar. Dessutan blir resultatet jevnare, det er mindre fare for steinreir, riss og sprekkar, og overflata blir penare.

Dersom veggen må vera vatntett, for eksempel i våtrom, må du seie frå at du treng vatntett betong. For å sikre at arbeidet blir vellykka og at konstruksjonen blir vatntett, er det enkelte reglar for støyp og etterbehandling som må følgjast under og etter utstøyping. Ta gjerne kontakt om du treng råd.

 

Støyping

Betongen blir fordelt jamnt og lagvis i forskalinga under fylling. Stigehastigheita bør vere 0,5 til 1 meter pr. time. Anna betong enn  SKB må bearbeidast med staking eller vibrator for å unngå sår og steinreir. Pass på at vibratoren ikkje kjem borti armeringa.

 

Tørking

Hold betongen fuktig cirka ei veke etter utstøyping. Vatn fleire gonger om dagen og dekk med plast. Om det er fare for nattefrost, dekkjer du med plast. Ved streng frost må du bruka varmeisolerande matter.

 

Rive forskaling

Ved temperaturar over 10 °C kan forskalinga fjernast etter cirka eitt døgn. Ved lavare temperaturar og nedkjøling på grunn av vind treng betongen lengre tid før han får tilstrekkeleg styrkje. Er du i tvil, kontakt oss!

Tilbakefylling mot grunnmur bør ikkje skje før etter minimum ei veke. Er det kaldare enn 10 °C, må du venta enda lenger. Du bør ha støpt kjellergolvet, slik at foten av veggen har støtte på innsida. Tilbakefyllinga må gjerast gradvis, for den er ei stor belastning for grunnmuren.

 

Overflatebehandling

Riktig betongkvalitet og utstøyping gjev eit ferdig produkt som kan bestå i ei årrekkje utan vedlikehold. Betongen tålar påkjenning frå vær og vind, varme og kulde utan nokon form for vern.

Innvendige betongveggar kan målast, bli tapetsert eller flisleggast direkte. Overflater med eventuelle sår eller porer kan bli utbedra med reparasjonsmørtel. Skal betongoverflatene målast, bør det bli benytta ein målingstype som er beregna for betong, vanlegvis ein lateksmåling. Be farge- eller byggvareforhandlaren din om råd på kva typar som passar for deg.